Tolking av lyriske tekstar blir brukt mykje i dagens skule til bruk under norskopplæringa i skulen. På ungdomsskulen hadde eg ein lærar som var heilt oppsett på å tolke dikt, eg tør å påstå av nesten halvparten av alle norsktimane blei brukt til å tolke dikt. Likevel synast eg at det å tolke dikt er noko av det vanskelegaste ein gjer i norsktimane. Å måtte få mest mogleg ut av ei lita tekst på nokre få linjer, er litt absurd meinar eg. I alle fall med tanke på at det er noko eg ikkje får til. Å sjå etter forskjellige verkemidler, eller kva for eit tema diktet har, er etter min meining, ikkje det mest meiningsfulle man kan gjere. Likevel må eg innrømme at når ein treffer på eit dikt som man klarer å sjå meining i, er det ganske tilfredsstillande. Dikttolkning vil nok likevel ikkje vere noko av det eg føretrekkar å halde på med vidare i livet.
torsdag 24. april 2008
Lyrikktolkning
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar